Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Vegprosjektet frå Sæ til kryss Borggata nærmar seg ferdig – veg og fortau er finansiert med sykkelbymidlar!

Det er faktisk fleire plassar i Norge som heiter Griserumpa. Både i Kristiansand, i Ski (Akershus) og i Lavik i Sogn. Det finst også holmar og åkerteigar som har «rumpenamn», som «Långarovo» i Nordhordland.

Me har spurt Språkrådet om kva som er opphavet for slike namn. Kjell Erik Steinbru seier: «Det kan ikkje vera tvil om at det her dreier seg om jamføringsnamn, det vil seia at dei ulike lokalitetane er samanlikna med halar på forskjellige dyr». Og dette stemmer jo godt: Det er ein svingete veg som går stadig i spiral oppover – nett som ein grisehale.

Formelt heiter vegstykket fv. 61 Skrivarvegen, og namnet speglar at vegen går forbi Sunnhordland tingrett, der me finn sorenskrivaren (leiande dommar). Etter kvart møter den Borggata, og heiter Borggata heilt til Frugardselva.

Langs heile fylkesveg 61, frå Stord sentrum til høgskulen, vil me gjera tilhøva betre for mjuke trafikantar. Strekninga i Skrivarvegen som blir rusta opp no er altså eit delprosjekt, og me reknar med å vera ferdig med dette i månadsskiftet april/mai.

Veg- og fortausdelen er finansiert med sykkelbymidlar, kryssingspunkt får intensivbelysning og busslommene får universell utforming. Toppen er blitt senka med om lag ein meter for å betra sikten, og i tillegg er det gjort omfattande arbeid med vatn og avløp. Verdien på utbetringa er på om lag 13 millionar kroner.

I 2019 vil prosjektet fortsetta bort til Frugardsbrua, med utbetring av fortau og rekkverk. Også dette er finansiert med sykkelbymidlar.

Tilbake til Griserumpe-namnet: I Lavik i Sogn er det faktisk ikkje noko Griserumpe igjen – for vegen har blitt lagt om og går ikkje lengre i grisehale-svingar. Men i Leirvik kan me framleis gle oss over å ha eit artig namn på ein vegstrekning – og me kan gle oss over at vegen snart er ferdig utbetra!