Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Litlabøkrysset har vore uoversiktleg og skummelt, men vert utbetra i løpet av 2018 (skjermdump: Google maps)

I Litlabøkrysset er arbeidet allereie i gong med forbikøyringslomme og siktutbetring. Her vil det også bli ny, lengre undergang og betre tilknyting til turområdet. Dette har ein verdi på om lag 16 millionar kroner og skal stå ferdig i løpet av sommaren 2018. Etter kvart skal me planlegga og byggja sykkelveg med fortau heile vegen frå Vabakken til Ådland bru.

Frå Grov og nordover har det blitt laga ny gang- og sykkelveg der det mangla frå før. Dette står allereie ferdig og har ein verdi på om lag 6 millionar kroner. Her er det brukt midlar frå Nasjonal transportplan.

I Førlandskrysset vil det bli bygd ny tilkomst til Fjellgardane med undergang for køyrande og gåande. Dette blir starta opp i løpet av året, og har ein verdi på om lag 19 millionar kroner.

Det skjer altså mykje på vegarbeidsfronten på Stord, og me gjer det tryggare for syklistar og andre mjuke trafikantar. Det nyttar å vere sykkelby!


I Førlandskrysset skal det lagast ny tilkomst til Fjellgardane med undergang for køyrande og gåande. (foto: Google maps)


Litlabøkrysset (skjermdump: Google maps)