Turtips barnefamiliar: Landåsen

Landåsen, ein fin rundtur for heile familien!

Har du ikkje vore i Landåsen enda? Då bør du absolutt ta turen. Her er det fint å sykla ei løype som er i underkant av fem kilometer, og er tilrettelagt med grusveg.

Landåsen byr på fin natur, og omlag to kilometer inn i løypa kjem du til eventyrskogen. Her kan du la borna utforska alle eventyrfigurane som er plassert ut i skogen. Om lag ein kilometer etter eventyrskogen finn du ein flott plass med benker, og her er det nydeleg å ta rastepausen.

Les meir om sykkelturen på:

https://sykkelbyenstord.no/flotte-turar/ og klikk deg inn på Rundtur i Landåsen!