Ådlandsvatnet rundt

Her kjem eit godt turforslag til deg som vil ha ein fin sykkeltur i lett terreng.

Om: Flott sykkeltur som egnar seg bra for barnefamiliar i eit relativt flatt terreng rundt Ådlandsvatnet

Vanskegrad: Enkel

Lengde: 7,4 km

Underlag: Grus og asfalt (1,7 km)

Start og sluttpunkt: Møllebrua like ved Stord kyrkje

Film frå turen kan sjåast nedanfor:

 

Sjølve rundløypa rundt vatnet er om lag 5,8 kilometer lang og går tett inntil vatnet delar av traséen. Løypa er relativt flat, brei og har fleire flotte stadar der du kan ta deg ein dukkert eller ein pause på ein benk. Løypa er godt merka med grønne skilt, og delar av traséen er belyst.

Startpunktet for turen er ved Møllebrua, like ved Stord kyrkje (det er og mogleg å starta andre stadar som Kattatveit, Sagneset, Vatna). Følg grusvegen på vestsida av Frugardselva i om lag 0,8 kilometer før du kjem til Ådlandsvatnet. Her tek du rett fram i første kryss (følg grønne skilt rundløypa Ådlandsvatnet), passerer under Ådland bru (E39) og følgjer grusvegen vidare. Dei 2 neste kilometrane går langs vatnet og her er det fleire gode moglegheitar for å bade eller sitje seg ned på ein benk. Etter om lag 2,5 kilometer frå start må ein passera to grinder og grusvegen svingar litt vekk frå vatnet. Følg vegen opp ein motbakke og ta til høgre på toppen. Grusvegen held fram vidare med skog på begge sider før du kjem til Vatnadalsvegen, ein lite trafikkert veg av asfalt. Her tek du til høgre og følgjer vegen i cirka 1,4 kilometer. Ta rett fram i neste kryss og du kjem ut på Fjellgardsvegen.

Fortset på Fjellgardsvegen i om lag 0,3 kilometer og like før du kjem til E39 er det ein parkeringsplass på høgre side av vegen, på enden av denne held grusvegen fram. No er terrenget litt meir kupert, og vegen smalare. Cirka 0,5 km etter parkeringsplassen kjem du til den mest populære badeplassen ved Ådlandsvatnet. Frå stranda held du fram vidare på grusvegen og får igjen auga på Ådland bru. Du passerer under brua, og tek til høgre over ei trebru før du er inne på same trasé som du byrja på. Ta til venstre etter trebrua, og følg grusvegen langs Frugardselva ned til Møllebrua.

Enkle reparasjonar

Kanskje sykkelen din har stått fleire år i garasjen, bremsene kvin, og kjede hoppar av når du trør. Kva gjer du?

Sykla til jobb

Du treng ikkje vera toppsyklist for å sykla til jobben - bryt barrierane dine, trø i veg!

Nytt Førlandskryss

Med to avkjørslar rett ut i 80-sona på E39 har Førlandskrysset vore uoversiktleg både for syklistar, bilistar og gåande. I løpet av sommaren skal krysset stå ferdig utbetra.

Hjelm er kult!

Kva hjelm vil du ha? Rosa hanekam? Blomar? Eller kanskje ein hatt som du trer over hjelmen? I dag får du tak i kule hjelmar til alle, anten det er 7-åringen eller bestefar på 80-år.

Sykkel med tak over hovudet

Tenk å sykla til jobb med tak over hovudet, fire hjul og elmotorisert assistanse. Du får mosjon og slepp å bli våt og kald. Podbike er eit veldig spennande alternativ til elbilen!

Oppgradering av nasjonal sykkelrute nr 1

Visste du at Nasjonal sykkelrute nummer 1 går over Stord? I tre etappar har me oppgradert ein viktig del av strekninga. No blir det samanhengande oppgradert fortau frå Rommetveit og heilt til Frugårdselva.

Fortau på Heiane

Heiane har vokse seg til å bli ein betydeleg bydel på Stord. Den positive utviklinga skapar behov for betre forhold for gåande og syklande.

Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frossen.

Flotte sykkelturar i haustferien

Hausten kan vera våt og kald, men òg utruleg vakker! Litt ekstra påkledning og ein god venn med på tur, så har du føresetnadanefor ein herleg sykkeloppleving her i Sunnhordland.

Brukar du sykkelhjelm?

Kvar dag hamnar ti nordmenn på legevakta eller sjukehus etter ei sykkelulykke. Likevel er det under halvparten som nyttar sykkelhjelm kvar gong dei syklar. Kvifor er det slik?

Velg rett sykkel for barnet ditt.

For at barn skal lika sykling, er det viktig at dei likar sykkelen dei syklar på, og at denne gjer tryggheit og sykkelglede. Her er nokre tips til ting du bør passe på.

Lat borna sykla og gå til skulen!

"Når foreldre råkjører sine egne barn til skolen, setter de naboens barn i fare. Gi dem heller en sunn start på dagen. La barna sykle eller gå" sier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Film: Gje borna skulevegen tilbake!

Inspirasjonsfilm frå Sykkelbyen Stord. Kjenner du nokon som køyrer borna til og frå skulen? I dei aller fleste tilfella er det heilt unødvendig, ja det gjer faktisk skulevegen mindre trygg for dei borna som går og syklar.

Utbetringar langs E39

Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Det går rundt i Sagvåg

Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Øyhopping i Sunnhordland!

Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Sykla opp Griserompa

Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Hald deg tørr på sykkelen!

Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Sykkelvettreglane

Dei åtte sykkelvettreglane hjelper deg å ferdast trygt i trafikken. Å vere synleg i trafikken og at samspelet mellom trafikantane er godt, er viktig for trygg samferdsel.

Sykla saman

Me anbefaler at foreldre syklar mykje saman med borna før dei begynner å sykla aleine i trafikken. Beskytt hovudet, og bruk hjelm når de syklar.