Trafikkreglar for syklistar

 

Veit du kvar du kan ferdast med sykkel i trafikken, eller kva reglar som gjeld for syklistar?

 
Kva rettar og plikter du har som syklist, avheng av kvar du syklar.
 
Kvar og ein skal ferdast omsynsfullt og vera aktpågivande og varsam så det ikkje kan oppstå fare eller skade, og slik at annan trafikk ikkje unødig blir hindra eller forstyrra.
Reglar for vikeplikt

Vikeplikt betyr at du skal vika eller stansa for trafikk som krysse din køyreretning har passert. Er du usikker på om du har vikeplikt, er det tryggast å bremsa eller stansa heilt.

Syklar du i køyrebana eller i sykkelfelt, så har du:
  • Vikeplikt for køyrande som kjem frå høgre (høgreregelen).
  • Vikeplikt om du skal inn på ein forkøyrsregulert veg (skiltet vikeplikt).
  • Ikkje vikeplikt om du syklar på ein forkøyrsregulert veg.
  • Om det er skilta vikeplikt der du syklar gjeld dette føre regelen om vikeplikt frå høgre. Vikeplikta gjeld i fyrste kryss etter skiltet.
  • Vikeplikt når du skal svinga til venstre og får motgåande køyretøy på høgre side.
  • Vikeplikt for gåande i gangfelt.
Syklar du på sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau
  • Vikeplikt når du skal kryssa eller svinga inn på ein annan veg. Køyrande på vegen har ikkje vikeplikt for syklistar som kjem frå sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau.
  • Ikkje vikeplikt når du skal kryssa ein avkøyrsel.
Trafikklys

Trafikklys i kryss gjeld føre både skilting og høgreregelen. Du må følga trafikklyssignalet som gjeld for det feltet du oppheld deg i.

Er trafikklyssignalet ute av drift (gult blink eller ikkje lyssignal), gjeld eventuelt vikepliktskilt eller høgreregelen.

Skifta køyrefelt

Ynskjer du å skifta køyrefelt, eller på annan måte flytta deg på tvers av køyreretninga, har du vikeplikt for køyrande som er i feltet du vil køyra inn i eller må kryssa. Dette gjeld bl.a. om du syklar i eit sykkelfelt og vil svinga over i køyrefeltet til venstre for sykkelfeltet. Du har også vikeplikt når du svingar inn på vegen frå vegkanten, frå veg skuldra, eller ned frå fortau.

Sykling i rundkøyring

Om du syklar inn i ei rundkøyring, har du vikeplikt for trafikken som er i rundkøyringa. Skal du skifta felt inne i rundkøyringa, har du vikeplikt for køyretøy som ligg i andre felt.

Forbikøyring eller passering

Forbikøyring skal som hovudregel gå føre seg til venstre. Som syklist kan du køyre forbi eit anna køyretøy – men ikkje ein anna syklist – på høgre side. Forbikøyring på høgre side kan vera aktuelt forbi stilleståande eller saktekøyrande kø.

Venstresving

Når du skal svinga til venstre i eit kryss, vel du mellom stor og liten venstresving. Liten venstresving betyr at du svingar til venstre i krysset på same måte som andre køyretøy.

Stor venstresving betyr at du syklar rett fram til du har kome til den andre sida av krysset, sjekkar om det er klart, før du så svingar til venstre inn på den kryssande vegen.

Lær deg reglane og vis omsyn i trafikken!