Syklistar og bilistar deler vegen betre

26 | sept | 2018

Fem år med “DEL VEGEN”-kampanjen viser at bilistar og syklistar tek meir hensyn til kvarandre. Det viser ei undersøking blant 6.000 syklistar og bilistar som har svart på korleis dei opplever samspelet.

Trenden med treningssyklistar og målet om å dobla sykkelandelen gjorde at Samferdselsdepartementet bestilte ein ny kampanje i 2012. Den skulle førebyggja alvorlege ulykker og dempa konfliktnivået i trafikken. Målet var at det ikkje skulle bli fleire dødsulykker på sykkel, sjølv om fleire nyttar sykkelen.

– Våre undersøkelser viser at både syklister og bilister oftere søker blikkontakt i kryss og er mer oppmerksomme på blindsoner enn før. Vi ser også at syklister og bilister deler veien på en bedre måte enn før Del veien-kampanjen startet for fem år siden: Flere bilister kjører forbi med god margin og syklister er flinkere til å slippe biler forbi.

Prosjektleiar Signe Gunn Myre.

Fleire personskadar – men ikkje fleire dødsfall

Personskadeulykkene på sykkel har dessverre auka dei siste åra, i takt med at fleire syklar og kanskje også som følge av betre rapportering. Likevel har heldigvis ikkje tala på dødsulykker auka. Det ligg på eit snitt på ti i året dei siste fem åra. Tidlegare var det om lag tolv i året som døde på sykkel.

– Tala er for små til å trekka nokre konklusjonar, men me håpar at kamnpanjen har ført til at dødstala ikkje stig. Me veit at det viktigaste for å unngå alvorlege ulykker på sykkel er å sørga for å bli sett, seier Myre.

Les meir om saka på vegvesenet sine internettsider.

 

Piggdekk på vinterføre

Må du ha terrengsykkel eller «Fatbike» for å sykla på vinteren? Nei, det treng du ikkje! Ta nokre førehandsreglar og byt til vinterdekk, så kan du fint bruka sykkelen din også på snø og is.

Lokale sykkelreparatørar på Stord

Skal sykkelen i garasjen når snø og is kjem? Har du ikkje tid til å sjå over den før du set den vekk? På Stord er det fleire som enkelt kan hjelpa deg. Finn din lokale reparatør!

Enkle reparasjonar

Frosten er kome, og mange vel å setta sykkelen i garasjen for vinteren. Det er lurt sjå over den før du set den vekk. Følg tipsa nedanfor, det er kanskje enklare enn du trur!

Refleks sparar liv

Utan refleks blir du ikkje sett før bilen er 25-30 meter frå deg. Med refleks kan du bli sett frå 400 meter. Tar du sjansen?

Sykla til jobb

Du treng ikkje vera toppsyklist for å sykla til jobben - bryt barrierane dine, trø i veg!

Nytt Førlandskryss

Med to avkjørslar rett ut i 80-sona på E39 har Førlandskrysset vore uoversiktleg både for syklistar, bilistar og gåande. I løpet av sommaren skal krysset stå ferdig utbetra.

Hjelm er kult!

Kva hjelm vil du ha? Rosa hanekam? Blomar? Eller kanskje ein hatt som du trer over hjelmen? I dag får du tak i kule hjelmar til alle, anten det er 7-åringen eller bestefar på 80-år.

Sykkel med tak over hovudet

Tenk å sykla til jobb med tak over hovudet, fire hjul og elmotorisert assistanse. Du får mosjon og slepp å bli våt og kald. Podbike er eit veldig spennande alternativ til elbilen!

Oppgradering av nasjonal sykkelrute nr 1

Visste du at Nasjonal sykkelrute nummer 1 går over Stord? I tre etappar har me oppgradert ein viktig del av strekninga. No blir det samanhengande oppgradert fortau frå Rommetveit og heilt til Frugårdselva.

Fortau på Heiane

Heiane har vokse seg til å bli ein betydeleg bydel på Stord. Den positive utviklinga skapar behov for betre forhold for gåande og syklande.

Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frossen.

Flotte sykkelturar i haustferien

Hausten kan vera våt og kald, men òg utruleg vakker! Litt ekstra påkledning og ein god venn med på tur, så har du føresetnadanefor ein herleg sykkeloppleving her i Sunnhordland.

Brukar du sykkelhjelm?

Kvar dag hamnar ti nordmenn på legevakta eller sjukehus etter ei sykkelulykke. Likevel er det under halvparten som nyttar sykkelhjelm kvar gong dei syklar. Kvifor er det slik?

Velg rett sykkel for barnet ditt.

For at barn skal lika sykling, er det viktig at dei likar sykkelen dei syklar på, og at denne gjer tryggheit og sykkelglede. Her er nokre tips til ting du bør passe på.

Lat borna sykla og gå til skulen!

"Når foreldre råkjører sine egne barn til skolen, setter de naboens barn i fare. Gi dem heller en sunn start på dagen. La barna sykle eller gå" sier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Film: Gje borna skulevegen tilbake!

Inspirasjonsfilm frå Sykkelbyen Stord. Kjenner du nokon som køyrer borna til og frå skulen? I dei aller fleste tilfella er det heilt unødvendig, ja det gjer faktisk skulevegen mindre trygg for dei borna som går og syklar.

Utbetringar langs E39

Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Det går rundt i Sagvåg

Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Øyhopping i Sunnhordland!

Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Sykla opp Griserompa

Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Hald deg tørr på sykkelen!

Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Sykkelvettreglane

Dei åtte sykkelvettreglane hjelper deg å ferdast trygt i trafikken. Å vere synleg i trafikken og at samspelet mellom trafikantane er godt, er viktig for trygg samferdsel.

Sykla saman

Me anbefaler at foreldre syklar mykje saman med borna før dei begynner å sykla aleine i trafikken. Beskytt hovudet, og bruk hjelm når de syklar.