Kle deg for vintersykling

Det går fint an å sykla, sjølv om det er vinter! Her får du tips om korleis du bør kle deg.

Du treng ikkje spretta sparekontoen for å kunna sykla på vinteren, for sannsynlegvis har du gode klede frå før som du kan bruka!

Kroppen
Med ei god vindtett jakke og ei overtrekksbukse så kjem du langt! Dei bør helst vera litt store i storleiken, slik at du kan kle deg lag for lag, alt etter temperaturen ute. Ha tynne ullklede innerst, så held du varmen. På kalde dagar kler du deg med ein litt stor ullgenser eller fleece-genser, og til dømes ei joggebukse før du tek på yttertøy. Når du kler deg lag på lag med romslege klede, så kan du ha god rørsle og du får god isolasjon.

Hovudet
Alle som syklar på vinteren bør ha hjelm, og ei hjelmlue med vindstoppande stoff å anbefala. Den passar under hjelmen og gjer at du held betre på varmen på hovudet. Her på Vestlandet er det ein del nedbør, og då kan det vera lurt å ha eit hjelmtrekk. Dersom du brukar ei jakke med hette, så må du halda svært lav fart, for om du snur deg for å sjå på trafikken bak deg, så ser du rett inn i hetta…

Hender
Kalde hender er både ubehageleg og gjer at du får vesentleg redusert reaksjonstid. Derfor er det viktig å halda på varmen. Bruk enten varme og vindtette hanskar eller vottar når du syklar.

Føter
Ullsokkar i skoa er eit must, og du kan få tak i gode ullsokkar som ikkje er så tjukke. Dersom du er ein aktiv vintersyklist, så kan du vurdera å kjøpa sykkelsko for vinterbruk. Om du ikkje brukar sykkelsko bør du ha vinterstøvlar med ein litt stiv sole. Eit vassavstøytande skoovertrekk gjer at du held deg tørr og varm på beina.

Setet
Det finst setetrekk i ull og det kan gjera sykkelopplevinga litt meir behageleg.

Ver synleg!
Det er ekstra viktig å bli sett på mørke vinterdagar, så bruk refleks, lys og synlege klede! Det er slik at til lågare refleksen sit, til lettare er det for bilistane å sjå deg. Refleks på skoovertrekk er altså viktigare enn refleks på hjelmtrekket!

Det kan vera lurt å ha med seg eit par ekstra batteri i jakkelomma eller sekken, for batteri og kuldegrader er ikkje alltid ein god kombinasjon.