Barn og sykling

Barn som syklar får god fysisk trening og øving av motoriske ferdigheiter som balanse og koordinering av sansane. Mange barn i dag får sin fyrste sykkel når dei er mellom 2 til 5 år. I denne alderen er sykling mest leik og må skje på trygge og trafikksikre område.

Å lære seg å sykle tohulsykkelen aleine bør skje på på trafikksikre områder, og ein vaksen må halde bak på sykkelen til barnet er stødig sjølv (eit tips er å kjøpe ei stang for å montere bak på sykkelen, slik at den vaksne slepp å bøya seg når ein følgjer bak).

Sykkelsete/tilhengjar
Barnet må kunna sitja på eigen hand før sykkelsete eller tilhengjar blir teken i bruk. Gode bremsar er viktig, og ein må alltid kontrollera at utstyret er montert på korrekt måte.

Ein må ikkje overbelasta setet/hengjaren – sjekk øvre vektgrense. Barnet ska vera festa med sikkerheitssele som barnet sjølv ikkje kan opna. Fot og fingre skal ikkje ha høve til å koma inn i eikene på hjula. Barna må kles etter forhalda, og hjelm er ein sjølvfylgje både for passasjer og syklist.

Tilhengjar:

  • Ein bør ha ein vimpel i tydeleg farge som gjer hengjaren meir synleg i trafikken.
  • Ei ramme/veltebøyle som er høgare enn barnet, må vera ein sjølvfylgje.
  • Stoffet/materialet i tilhengjaren bør ha ein trafikksikker farge.
  • Festepunktet til sykkelen bør ha ei sikkerheitslenkje.
  • Syklar du om kvelden; bruk lykt. Fest baklykta bak på til hengjaren.
  • Husk at med ein hengjar på slep er du både lengre og breiare enn vanleg. “Kutt” ikkje svingane.

Sykkelsete:

  • Gå aldri frå sykkelen med barnet i setet.
  • Pass på at reimer, skjerf etc ikkje kjem inn i hjulet.
  • Dekk evt. til fjørene under sykkelsetet – små fingre blir fort klemt.
  • Dersom barnet sovnar i setet, kan eit skjerf rundt nakkestøtta og panne/hjelm gi hovudet god støtte.

Å velgja sykkel til barnet
Det er sjølvsagt viktig at barna får den sykkelen dei har lyst på, men det viktigste er at sykkelen er lovleg utstyrt og at den held mål kvalitetsmessig. Barn bør ha ein lett sykkel, med gode bremser som er lette å bruke. Sykkelen skal ha riktig størrelse, når barnet sit skal båe føtene kunne setjast i bakken med heile fotbladet. Juster setet og styret utifrå dette.

Barn og sykkelhjelm
Barn på sykkel bør bruke hjelm, enten det er på eigen tohjulssykkel, i barnesetet, på sparkesykkel eller i sykkeltilhengjar. Ein må passa på at hakereima ikkje er for slakk, slik at hjelmen henger bak mot nakken, då dekkjer den ikkje det viktigste området der flest slag treff, nemleg panna og issen. Når sykkelen er parkert, skal hjelmen av, på grunn av risikoen for kvelning dersom hjelmen sit fast.

 

Kjelde: Syklistenes Landsforening og Trygg Trafikk.

Lokale sykkelreparatørar på Stord

Skal sykkelen i garasjen når snø og is kjem? Har du ikkje tid til å sjå over den før du set den vekk? På Stord er det fleire som enkelt kan hjelpa deg. Finn din lokale reparatør!

Enkle reparasjonar

Frosten er kome, og mange vel å setta sykkelen i garasjen for vinteren. Det er lurt sjå over den før du set den vekk. Følg tipsa nedanfor, det er kanskje enklare enn du trur!

Refleks sparar liv

Utan refleks blir du ikkje sett før bilen er 25-30 meter frå deg. Med refleks kan du bli sett frå 400 meter. Tar du sjansen?

Sykla til jobb

Du treng ikkje vera toppsyklist for å sykla til jobben - bryt barrierane dine, trø i veg!

Nytt Førlandskryss

Med to avkjørslar rett ut i 80-sona på E39 har Førlandskrysset vore uoversiktleg både for syklistar, bilistar og gåande. I løpet av sommaren skal krysset stå ferdig utbetra.

Hjelm er kult!

Kva hjelm vil du ha? Rosa hanekam? Blomar? Eller kanskje ein hatt som du trer over hjelmen? I dag får du tak i kule hjelmar til alle, anten det er 7-åringen eller bestefar på 80-år.

Sykkel med tak over hovudet

Tenk å sykla til jobb med tak over hovudet, fire hjul og elmotorisert assistanse. Du får mosjon og slepp å bli våt og kald. Podbike er eit veldig spennande alternativ til elbilen!

Oppgradering av nasjonal sykkelrute nr 1

Visste du at Nasjonal sykkelrute nummer 1 går over Stord? I tre etappar har me oppgradert ein viktig del av strekninga. No blir det samanhengande oppgradert fortau frå Rommetveit og heilt til Frugårdselva.

Fortau på Heiane

Heiane har vokse seg til å bli ein betydeleg bydel på Stord. Den positive utviklinga skapar behov for betre forhold for gåande og syklande.

Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frossen.

Flotte sykkelturar i haustferien

Hausten kan vera våt og kald, men òg utruleg vakker! Litt ekstra påkledning og ein god venn med på tur, så har du føresetnadanefor ein herleg sykkeloppleving her i Sunnhordland.

Brukar du sykkelhjelm?

Kvar dag hamnar ti nordmenn på legevakta eller sjukehus etter ei sykkelulykke. Likevel er det under halvparten som nyttar sykkelhjelm kvar gong dei syklar. Kvifor er det slik?

Velg rett sykkel for barnet ditt.

For at barn skal lika sykling, er det viktig at dei likar sykkelen dei syklar på, og at denne gjer tryggheit og sykkelglede. Her er nokre tips til ting du bør passe på.

Lat borna sykla og gå til skulen!

"Når foreldre råkjører sine egne barn til skolen, setter de naboens barn i fare. Gi dem heller en sunn start på dagen. La barna sykle eller gå" sier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Film: Gje borna skulevegen tilbake!

Inspirasjonsfilm frå Sykkelbyen Stord. Kjenner du nokon som køyrer borna til og frå skulen? I dei aller fleste tilfella er det heilt unødvendig, ja det gjer faktisk skulevegen mindre trygg for dei borna som går og syklar.

Utbetringar langs E39

Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Det går rundt i Sagvåg

Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Øyhopping i Sunnhordland!

Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Sykla opp Griserompa

Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Hald deg tørr på sykkelen!

Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Sykkelvettreglane

Dei åtte sykkelvettreglane hjelper deg å ferdast trygt i trafikken. Å vere synleg i trafikken og at samspelet mellom trafikantane er godt, er viktig for trygg samferdsel.

Sykla saman

Me anbefaler at foreldre syklar mykje saman med borna før dei begynner å sykla aleine i trafikken. Beskytt hovudet, og bruk hjelm når de syklar.