Sykkelferietips: Valdres

Du syklar på fjellet, og langs vegen kan det hende du møter geiter, sauer, kyr og kalvar. Det nærmar seg tid for rastepause, og familien stoppar på ei strand langs vegen. Barna badar og nyt ferien. Opplev Valdres frå sykkelsetet med heile familien!

I Valdres er det satsa mykje på sykkelturisme, og området er eit sykkelparadis for store og små. På «Stølsvidda» mellom Valdres, Hallingdal og Hemsedal er det framleis stølsdrift, og fine stølsvegar med lite trafikk. Turen passar for familiar med born som kan sykla heile turen sjølv. Langs vegen er det godt tilrettelagt med rasteplassar, badestrender og fiskestadar. Undervegs er det også moglegheit til å parkera sykkelen, og nyte utsikten frå ein fjelltopp.

Nedfarten frå Stølsvidda lokkar til seg mange terrengsyklistar som søkjer fart og spenning!

God tur til store og små!