Skal du til Trysil i sommar?

Trysil er kjent for sitt flotte skianlegg, men visste du at dei også har eit stort tilrettelagt sykkelområde der også? Reis til Trysil og ta med deg sykkelen!

Aktiv sykkelferie

Gullia er eit populært tur- og sykkelområde som ligg langs Trysilelva og byr på fleire overnattingsmoglegheiter. Her finn du asfaltert «pump track», klatrepark og heile 23 km med sykkelsti! Gullia har sykkelstiar som passar for alle. Stiane har namn og er kategorisert i grøn, blå, raud og svart etter vanskegrad. Treng du ein pause frå syklinga ligg Trysil sentrum berre eit steinkast frå sykkelarenaen.

Fleire sykkelparkar

Trysil kan skilta med to sykkelparkar som ligg i same område. «Radisson Blu Bike Park» ligg ved hotellet på turistsenteret og er ei rundløype på om lag ein kilometer. Denne sykkelparken har balanseelement, små hopp og naturlege ujamnheiter. «GT Bike Park» har asfaltert «pump track»  som er ein lukka bane med kuler, hopp og svingar. Meininga er at du skal pumpe rundt og ikkje trø.

Fjellrunden

Fjellrunden er ein sykkel- og vandreveg som går rundt heile Trysilfjellet. Rundturen er på 13 km og underlaget varierer frå god til enkel grusveg og treplankar. Dette er ei blå løype som rett og slett er ei perle! Start turen frå Skihytta eller Trysil Høyfjellssenter.

Blant Europas lengste flytstiar

Midt i skianlegget på Trysilfjellet finn me ein av Europas lengste flytstiar. Du syklar på grusveg og plankar og du treng ikkje bremsa mykje. Her kan du ta skiheisen opp, og berre flyta dei om lag 7 km ned løypa. Flytstien er ikkje eigna for dei aller minste.

Trysil er ein spanande sykkeldestinasjon for heile familien! 

Klikk deg inn og les meir:

https://www.trysil.com/sykkel