Stord er Sykkelby – men kvifor? Er det for dei med racersykkel og kondomdress? Kva med deg som er kvardagssyklist – eller nesten-syklist? 

Som Sykkelby har Stord moglegheit til å søkje på midlar til utbetring av sykkelveg, gang- og sykkelstiar og vegutbygging. Dei siste åra har me faktisk fått tildelt over 40 millionar kroner, til både informasjonstiltak og bygging av veg.

Me jobbar for god tilrettelegging for alle mjuke trafikantar! Enten du går, trillar barnevogn, bruker rullator, står på skateboard, har sparkesykkel eller racersykkel. Alle skal kunne komme seg trygt til jobb, skule og fritidsaktivitetar.

PS: Om du er interessert i oppdateringar på vegprosjekt så kan du sjekke vegnytt.no Der finn du oversikt over vegprosjekt i Sunnhordland – og du kan også følgje med på facebooksida til Statens vegvesen: facebook.com/vegprosjektSunnhordland