Tips til billig sykkelferie

Utforsk nærområdet eller fylket du bur i, du treng kanskje ikkje reisa så langt for å finna flotte og billige sykkelturar.

Sykkel

Dei aller fleste kan bruka sin eigen sykkel. Er du usikker om den er i god nok stand, kan du ta turen innom Sport1 på Heiane. Dei kan sjekka dei viktige delane, som for eksempel bremseklossar og dekk.

Du kjem langt med vanlege tur- eller treningskler. Det er lurt å bruka klede med glidlås, samt innsnøring nede på buksa slik at den ikkje festar seg i tannhjulet eller kjeda.

Sjekk nærområdet ditt

Det er mange flotte sykkelruter over heile landet, men den perfekte sykkelturen kan vera mykje nærare enn du trur. Utforsk litt, få tak i eit kart og begynn planlegginga. Du finn fleire tips på www.sykkelbyenstord.no.

Du kan óg ta buss ein times tid vekk frå bustaden din, og bruka ei helg på å sykla heim igjen.

Billig mat og overnatting

Camping med eige telt, enkle campinghytter og vandrarheimar er alle billige og bra alternativ for overnatting.

Ta med ein primus på turen, så kan du enkelt og billig laga god mat. Treng du inspirasjon på smakfulle oppskrifter så kan du lesa meir på https://www.turmat.no/tag/primus/

 

God sykkelferie!