Tenk å sykla til jobb med tak over hovudet, fire hjul og elmotorisert assistanse. Du får mosjon og slepp å bli våt og kald. Podbike er eit veldig spennande alternativ til elbilen!

I dag nyttar 5%, av den norske befolkninga sykkel som hovudframkomstmiddel. Med fokus på sikkerheit, berekraft og eit godt design, vil Podbike auka denne andelen. Målet er å redusera bruk av bil nummer to.

Idéen oppstod etter at Per Hassel skada både kne og rygg i ein stygg velt med sykkel for over ti år sidan. Han følte seg utrygg på vanleg sykkel, og etablerte selskapet Podbike som utviklar elmotorisert sykkel med fire hjul.

Podbike er helsefremmande

Sjølv med elektrisk motor får du mosjon, med at du må trø sjølv. Du kan installera varmeapparat og HEPA-filter, som opprettheld temperatur og rein luft i kabinen. I dag er velt årsaka til halvparten av alle sykkelulykkene i Norge. Podbike sine fire hjul reduserer risikoen for å velta.

Me kan venta oss dei første testsyklane til sommaren 2019. I framtida skal Podbike parkera seg sjølv, lada batteria når det er nødvendig og komme til deg når du ber den om det.

Lokal politisk engasjement

Bømlo, Fitjar og Stord kommunar søkjer stønad til eit utprøvingsprosjekt for elsyklar hausten 2019. Blant syklane dei håpar å få prøva ut er nettopp Podbike. Samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker seier til Bømlo-Nytt at 4-hjulssykkelen er midt i blinken for pendlarar der sykkelvegnettet er ideelt, for eksempel mellom Svortland og Leirvik.

 

Fakta om Podbike:

  • 4 hjul
  • Elmotorisert
  • Tak
  • Utstyrt med lys og blinklys
  • Med hydropneumatiske fjøring er setet høgare når du skal inn og ut
  • Parkerast ståande ved å heva den bak. Rommar ein kvadratmeter pr sykkel ståande
  • Du kan trø baklengs for å rygga
  • Tett kabin, og moglegheit for HEPA-filter
  • Held 25 km/t med elassistanse. Kan halda høgare fart ved å trø meir
  • 115 cm høg. God oversikt, sjølv om du sit lavt

 Foto Podbike.com

Enkle reparasjonar

Kanskje sykkelen din har stått fleire år i garasjen, bremsene kvin, og kjede hoppar av når du trør. Kva gjer du?

Sykla til jobb

Du treng ikkje vera toppsyklist for å sykla til jobben - bryt barrierane dine, trø i veg!

Nytt Førlandskryss

Med to avkjørslar rett ut i 80-sona på E39 har Førlandskrysset vore uoversiktleg både for syklistar, bilistar og gåande. I løpet av sommaren skal krysset stå ferdig utbetra.

Hjelm er kult!

Kva hjelm vil du ha? Rosa hanekam? Blomar? Eller kanskje ein hatt som du trer over hjelmen? I dag får du tak i kule hjelmar til alle, anten det er 7-åringen eller bestefar på 80-år.

Oppgradering av nasjonal sykkelrute nr 1

Visste du at Nasjonal sykkelrute nummer 1 går over Stord? I tre etappar har me oppgradert ein viktig del av strekninga. No blir det samanhengande oppgradert fortau frå Rommetveit og heilt til Frugårdselva.

Fortau på Heiane

Heiane har vokse seg til å bli ein betydeleg bydel på Stord. Den positive utviklinga skapar behov for betre forhold for gåande og syklande.

Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frossen.

Flotte sykkelturar i haustferien

Hausten kan vera våt og kald, men òg utruleg vakker! Litt ekstra påkledning og ein god venn med på tur, så har du føresetnadanefor ein herleg sykkeloppleving her i Sunnhordland.

Brukar du sykkelhjelm?

Kvar dag hamnar ti nordmenn på legevakta eller sjukehus etter ei sykkelulykke. Likevel er det under halvparten som nyttar sykkelhjelm kvar gong dei syklar. Kvifor er det slik?

Velg rett sykkel for barnet ditt.

For at barn skal lika sykling, er det viktig at dei likar sykkelen dei syklar på, og at denne gjer tryggheit og sykkelglede. Her er nokre tips til ting du bør passe på.

Lat borna sykla og gå til skulen!

"Når foreldre råkjører sine egne barn til skolen, setter de naboens barn i fare. Gi dem heller en sunn start på dagen. La barna sykle eller gå" sier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Film: Gje borna skulevegen tilbake!

Inspirasjonsfilm frå Sykkelbyen Stord. Kjenner du nokon som køyrer borna til og frå skulen? I dei aller fleste tilfella er det heilt unødvendig, ja det gjer faktisk skulevegen mindre trygg for dei borna som går og syklar.

Utbetringar langs E39

Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Det går rundt i Sagvåg

Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Øyhopping i Sunnhordland!

Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Sykla opp Griserompa

Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Hald deg tørr på sykkelen!

Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Sykkelvettreglane

Dei åtte sykkelvettreglane hjelper deg å ferdast trygt i trafikken. Å vere synleg i trafikken og at samspelet mellom trafikantane er godt, er viktig for trygg samferdsel.

Sykla saman

Me anbefaler at foreldre syklar mykje saman med borna før dei begynner å sykla aleine i trafikken. Beskytt hovudet, og bruk hjelm når de syklar.