Mange studentar, elevar og lærarar brukar vegen mellom Haga og høgskulen/Rommetveit skule, men fortauet og lysforholda har vore dårlege. Sykkelbyen Stord har søkt og fått midlar, og no er arbeidet med oppgraderinga i gang!

På strekninga mellom Haga og Rommetveit blir vegen oppgradert med nye gatelys, breiare og betre fortau og nye vass- og avløpsrøyr i grunnen.

Me ønskjer at Stord skal sykla – på heile Stord! Samtidig er det lurt å planlegga utbetring av fortau og sykkelvegar i lag med andre etatar. På strekninga frå Haga til Høgskulen har me eit samarbeidsprosjekt med Stord kommunalteknikk og Statens vegvesen. Her har det vore ein del lekkasjar på vass- og avløpsrøyr, så dette blir utbetra samtidig.

Vår status som sykkelby gjer at me kan søkja på ein del ekstra midlar. Sykkelbyen Stord fekk tildelt sykkelbymidlar, og no er me i gong med å gjera strekninga betre for både bilistar, gåande, syklande – og dei som skal ta buss.

Frå krysset til Økland og til skulen vert det lagt nye leidningar på vestsida. Veglinja blir flytta etter, og fortauet på austsida blir utvida. Det blir nye lys langs vegen, og busslommene blir utbetra.

Veg- lys- og fortau-utbetringa er verd om lag 7 millionar kroner. Me i Sykkelbyen er glade for at dette arbeidet er i gang, og gler oss til å nyte den oppgraderte vegen på to hjul!