Refleksens dag i eit annleis år 2020

Torsdag 15. oktober er ein heilt spesiell dag, nemleg Refleksens dag!

I fjor blei mange stoppa av denne kjekke gjengen på veg til jobb eller skule. Dei delte ut refleksvestar, sykkellykter, setetrekk og snop refleksens dag. Slik blir det ikkje i år, koronaen set ein stoppar for det. I stadenfor har me tatt kontakt med tre skular der elevane frå 1.-7. klasse får utdelt refleksvestar og anna denne dagen. Det er Sagvåg, Hystad og Tjødnalio skular som er heldige i år, fortel Eva B.Teige i Sykkelbyen Stord.

Hugs å bruka refleks!
Utan refleks er du først synleg på 25 – 30 meters hald. Brukar du refleks er du derimot synleg på 140 meters hald når bilen du møter brukar nærlys! Omrekna til sekund har bilføraren 10 i staden for 2 sekund på å reagera. Det er ofte forskjellen på liv og død. – Me vil ha deg trygt heim!