Refleksens dag 2019

Torsdag 17.oktober, er ikkje ein heilt vanleg torsdag, det er nemleg Refleksens dag!

I morgontimane hadde Statens vegvesen og Politiet rigga seg opp ved Rommetveit skule med eit mål for auga; å markera Refleksens dag 2019. Dei ville dela ut flest mogleg refleksvestar, sykkellykter, setetrekk, og snop!

Ein stor suksess!
Borna som var på veg til skulen storma til og tok gledeleg i mot det som vart delt ut. Dei som kom frå andre kantar, fekk høve til å gå ut å få effektar etter at skuleklokka hadde ringt inn.

Dei vaksne som gjekk forbi var positive til tiltaket, og vart glad for refleksvest. 

-Det vart fort tomt for dei små vestane, seier Eva Teige i Statens Vegvesen. – Ja, dette var ein stor suksess, avsluttar kollega Lars Tore Martinsen.