Refleks sparar liv

18 | okt | 2018

Utan refleks blir du ikkje sett før bilen er 25-30 meter frå deg. Med refleks kan du bli sett frå 400 meter. Tar du sjansen?

Den nasjonale refleksdagen 18. oktober er eit av mange tiltak for å auka refleksbruken og redusera talet på fotgjengarulykker – og refleksane er svært viktig på sykkelen også!

På mørke haustvegar har bilisten berre to sekund på å oppdaga deg om du ikkje nyttar refleks, og det er i ein fart på berre 50 km/t. Med refleks ser bilisten deg ti sekunder tidlegare.

-Refleks sparar liv. Få ting er så enkelt og så effektivt som refleks, når det gjeld å redusera talet på fotgjengarulykker, seier Guro Ranes i Statens vegvesen.

Undersøkingar gjort av Trygg Trafikk for nokre år tilbake, viser at mange gløymer refleksen. I tettbygd strøk brukar berre 29 prosent av oss refleks. Målet for 2018, er 40 prosent. På landeveien er det 46 prosent som brukar refleks. Målet er 60 prosent innan 2018.

Les meir om årets Refleksdag på Trygg Trafikk sine nettsider

Så synleg blir du med refleks

  • Refleks gjer deg synleg på 140 – 400 meters hold
  • Utan refleks vil du først bli oppdaga på 25-30 meters hold
  • Ein bilist som kjører med nærlys i 50 km/t har to sekund på å oppdaga ein fotgjengar utan refleks. Nyttar du refleks aukar denne tida til ti sekund

Tips til refleksbruk

  • Refleksen bør henga i knehøgd (for å motta mest mogleg lys frå billysa)
  • Bruk to refleksar for å bli sett frå begge sider
  • Små barn bør alltid bruka refleksvest når de ferdast i trafikken
  • Refleksar som beveger seg når du nyttar dei, fungerer best
  • Refleksar er forbruksvare. Riper gir mindre refleksjon
  • Refleksvesten blir dårlegare ved vask og bør byttast årleg ved jevnlig bruk
  • Ikkje alle refleksar er godkjent. Om det følger med for eksempel godteri, kan det hende at dei ikkje fungerer tilfredsstillande, noko som kan vera livsfarleg i mørket
  • Alle godkjente refleksar skal vera merka med EN 13356
  • Hugs at også barnevogna og hunden treng refleks
  • Legg refleksar i lommene på alle jakker, så er dei tilgjengelege når du treng dei

Enkle reparasjonar

Kanskje sykkelen din har stått fleire år i garasjen, bremsene kvin, og kjede hoppar av når du trør. Kva gjer du?

Sykla til jobb

Du treng ikkje vera toppsyklist for å sykla til jobben - bryt barrierane dine, trø i veg!

Nytt Førlandskryss

Med to avkjørslar rett ut i 80-sona på E39 har Førlandskrysset vore uoversiktleg både for syklistar, bilistar og gåande. I løpet av sommaren skal krysset stå ferdig utbetra.

Hjelm er kult!

Kva hjelm vil du ha? Rosa hanekam? Blomar? Eller kanskje ein hatt som du trer over hjelmen? I dag får du tak i kule hjelmar til alle, anten det er 7-åringen eller bestefar på 80-år.

Sykkel med tak over hovudet

Tenk å sykla til jobb med tak over hovudet, fire hjul og elmotorisert assistanse. Du får mosjon og slepp å bli våt og kald. Podbike er eit veldig spennande alternativ til elbilen!

Oppgradering av nasjonal sykkelrute nr 1

Visste du at Nasjonal sykkelrute nummer 1 går over Stord? I tre etappar har me oppgradert ein viktig del av strekninga. No blir det samanhengande oppgradert fortau frå Rommetveit og heilt til Frugårdselva.

Fortau på Heiane

Heiane har vokse seg til å bli ein betydeleg bydel på Stord. Den positive utviklinga skapar behov for betre forhold for gåande og syklande.

Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frossen.

Flotte sykkelturar i haustferien

Hausten kan vera våt og kald, men òg utruleg vakker! Litt ekstra påkledning og ein god venn med på tur, så har du føresetnadanefor ein herleg sykkeloppleving her i Sunnhordland.

Brukar du sykkelhjelm?

Kvar dag hamnar ti nordmenn på legevakta eller sjukehus etter ei sykkelulykke. Likevel er det under halvparten som nyttar sykkelhjelm kvar gong dei syklar. Kvifor er det slik?

Velg rett sykkel for barnet ditt.

For at barn skal lika sykling, er det viktig at dei likar sykkelen dei syklar på, og at denne gjer tryggheit og sykkelglede. Her er nokre tips til ting du bør passe på.

Lat borna sykla og gå til skulen!

"Når foreldre råkjører sine egne barn til skolen, setter de naboens barn i fare. Gi dem heller en sunn start på dagen. La barna sykle eller gå" sier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Film: Gje borna skulevegen tilbake!

Inspirasjonsfilm frå Sykkelbyen Stord. Kjenner du nokon som køyrer borna til og frå skulen? I dei aller fleste tilfella er det heilt unødvendig, ja det gjer faktisk skulevegen mindre trygg for dei borna som går og syklar.

Utbetringar langs E39

Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Det går rundt i Sagvåg

Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Øyhopping i Sunnhordland!

Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Sykla opp Griserompa

Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Hald deg tørr på sykkelen!

Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Sykkelvettreglane

Dei åtte sykkelvettreglane hjelper deg å ferdast trygt i trafikken. Å vere synleg i trafikken og at samspelet mellom trafikantane er godt, er viktig for trygg samferdsel.

Sykla saman

Me anbefaler at foreldre syklar mykje saman med borna før dei begynner å sykla aleine i trafikken. Beskytt hovudet, og bruk hjelm når de syklar.