Piggdekk på vinterføre

Må du ha terrengsykkel eller «Fatbike» for å sykla på vinteren? Nei, det treng du ikkje! Ta nokre førehandsreglar og byt til vinterdekk, så kan du fint bruka sykkelen din også på snø og is.

Bruk tid på å sykla med piggdekk, og lær kvar dekket gjer godt grep og kvar det slepp. Det er anbefalt å sykla med piggdekka før vinteren slik at piggane får tid til å setta seg.

Sommardekk på snøføre er ubrukeleg og farleg, så her er det berre piggdekk som funkar. Mengde piggar er ikkje avgjerande for val av piggdekk, kvaliteten er også viktig. Fleksibilitet og mønster har stor betydning for kvaliteten på dekka.

Har du anledning er det anbefalt å spyla dekka med jamne mellomrom, då salt og skit tærer på gummien. Sprø gummi gjer at piggane lausnar lettare.

Høyr med dei lokale sykkelverkstadane på Stord, dei har god kunnskap om dekk!