Silk lærer du barna å sykla

1.Finn ein rett strekning på eit trafikksikkert område.

2.Hald bak på sykkelen medan du går fort. Sei: ”Brems, stans og sett ned beinet.” Gjenta dette til du føler at barnet kan det, og det går nesten automatisk.

3.Fortel at du vil gje barnet fart på sykkelen, men at han/ho ikkje skal trø pedalane rundt. Skyv sykkelen i fart og slepp den, og etter nokre meter ber du barnet stansa.

4.Gjenta det same, bortsett frå at du no ber barnet om å trø eit par gonger rundt på pedalane før han/ho stansar. Auk talet på trakk etter kvart.

5.Siste punkt er at barna sjølv får sykkelen i fart. Lær dei å setja den eine foten på pedalen, og trø denne ned samtidig som han/ho skyv frå med den andre foten som barnet har i bakken. Då er det lett å få sykkelen opp i fart.

(Kjelde: Trygg trafikk)