Treng du ny sykkelhjelm?

Sykkelhjelmen er det viktigaste verneutstyret når du skal ut å sykla. Veit du når det er på tide å byta ut hjelmen?

Hjelmen svekkast sjølv med vanleg bruk, og det er stor skilnad kor godt sykkelhjelmane beskyttar. Kvardagsslitasjen svekkar plast og polstring over tid.
Skal du kjøpa ny sykkelhjelm er det lurt å sjå etter det gule klistremerket med bokstavane MIPS. Det er eit to-skalsystem som reduserer risikoen for hjerneristing.

Bruk, oppbevaring og alder
Det er fleire ting som spelar inn på levetida til hjelmen din. Det er lurt å leggja sykkelhjelmen inne i romtemperatur, i staden for å lagra den ute i boden. Bruken kjem an på kva syklist du er. Syklar du dagleg i all slags vêr er det lurt å byta årleg. Fem til sju år er anbefalt ved vanleg sykling.

Kva kan eg sjekka sjølv?
Det er viktig å ha ein god hjelm. I følgje Frende forsikring er det syklistar som har høgast skaderisiko, heile 40 prosent høgare enn bilførarane. Har hjelmen vert utsett for støyt skal du sjekka innvendig og utvendig etter sprekker. Hugs at borna veks, og då er det viktig å sjekka passforma slik at hovudet har vern på dei utsette stadane.

Sjekk produksjonsdato på sykkelhjelmen når du er i butikken, slik at du ikkje kjøper ein som har ligge lenge på lager.

Og viktigaste av alt…..Bruk hjelmen!