På jakt etter brukt sykkel?

Dette skal du sjå etter!

I dag er syklar lett tilgjengeleg for dei fleste. Treng du sykkel kan du kjøpa ny i butikk eller brukt. Bruktmarknad er ein aukande trend på nett og sosiale media, og her kan du gjera gode kjøp. Så kva skal du sjå etter?

Ser sykkelen bra ut, er den som regel bra. Framleis er det viktig å testa sykkelen samt vita kva du skal spørja om.

Sjekk alder, kor mykje den er køyrt, om den er brukt om vinteren og om den har stått innandørs. Test at hjula, dempegaffel og skrivebrems er i orden. Når sykkelen har kjedekasse og gir i nav blir det mindre slitasje.

Sjå etter syklar som er lite brukt
Det gjer ingenting om dei er nokre år gamle så lenge dei har stått innandørs og er lite brukt. Spesielt barnesyklar er det mange av på bruktmarknaden. Mange prioriterer å kjøpa nye syklar til barna, og desse syklane er ofte lite brukt når dei vert seld vidare.

Elsyklar kan du óg kjøpa brukt, så lenge motoren er god og det er dokumentasjon på service ein gang i året.

Høyr med fagfolk
Har sykkelen noko som må ordnast kan enkelte ting vera dyrt. Gir kan bli kostbart om du må skifta bakhjul med gir i navet. Dekk og slange er enkelt å reparera eller skifta sjølv, og det er rimeleg. Er kjeda rusta må det bytast ut, er det berre brunt kan det smørast. Er kjeda slite må heile drevet skiftast. Det kan fort verta kostbart. Unngå syklar med sprekk, skade eller der setepinnen er rusta fast. Sjekk med fagfolk om du er usikker.

Det er ikkje nødvendig å betala for mykje for ein sykkel. Når du veit kva du skal sjå etter, kan du fort spara nokre tusenlappar!

Lykke til på sykkeljakta!