Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Frå Tømmervikkrysset ned til Skjersholmane ferjekai og den nye båthamna blir det denne våren opna ny gong- og sykkelveg. Her er 60-sone og tidlegare var det skummelt både for gåande og syklande på strekninga. Arbeidet har ein verdi på om lag fire millionar kroner og vil bli sluttført i løpet av våren.

Med ferja kjem du deg til idylliske Halsnøy, Fjellbergøy og Borgundøy i Kvinnherad. Her er det mange fine turar og opplevingar som ventar. Også lengre inn i Kvinnherad er det mange fine sykkelturar – visitsunnhordland.no har fem forslag til deg.