I løpet av september 2017 er det forventa oppstart av anleggsarbeidet for å utbetra Fv 61 Rommetveitvegen. Strekninga som skal utbetrast er cirka 1100 meter lang, mellom Hagastølen og Rommetveit skule.

Bilete av dagens fortau som er smalt og treng oppgraderingar

Hovedfokuset i prosjektet er å utbetra fortauet for å leggja til rette for ein tryggare skuleveg til og frå Rommetveit skule. Dagens fortau er fleire stadar så smalt som 1 meter bredt. Dette skapar farlige situasjonar ved at ein må sykla i vegen for å passera gåande på fortauet. Etter utbetringa vil vegen ligge litt lengre mot vest enn dagens veg, og fortauet vil være 3 meter bredt. Det vil kome ny belysning og eksisterande busstopp skal utbetrast ved at det blir laga kantstopp.

Prosjektet er finansiert av midlar frå Sykkelbyen Stord og i samband med prosjektet vil Stord kommunalteknikk leggja nye røyr i same trasé.