Lokal øyhopping

Du treng ikkje reisa til Hellas for å prøva deg på øyhopping! Bytt ut flyet med sykkel og sett kursen mot Bømlo!

Denne turen gir deg mange moglegheiter, anten det er trening eller livsnyting som er formålet. Det er flott tilrettelagt med sykkel- og gangsti, og fleire gode rasteplassar.

Er det livsnyting så kan du svinga av på Føyno, Nautøya eller Bømlo, for å utforska meir. Skal du trena kan du sykla over fire bruer, rundt Siggjo og heim att over bruene.

Uansett kva du vel, så har du garantert flott utsikt og nydeleg natur!

Sjå filmen for inspirasjon eller turskildring.

https://sykkelbyenstord.no/flotte-turar/

Hugs å ta deg tid til å finna roen i den flotte Sunnhordlandsnaturen…..God tur!