Sykkelen klar til våren

Våren er her, og me ønskjer den velkommen! No kjem tida for å gje sykkelen omsorg og kjærleik.

Etter snø, salt og dårlege køyreforhold har nok sykkelen sett betre dagar. Kanskje har den stått innerst i garasjen og støva vekk?

Sola varmar, lysare dagar, fuglesong, lukta av nyslått gras, frisk luft. Det er mange grunnar til å ta sykkelen fatt. Her kjem nokre tips for å få den vårklar.

 

  1. Vask sykkelen

Start med å gje den ein god vask. Bruk ei bøtte med lunka vatn blanda med litt Zalo, og vask ovanfrå og ned. Det er ikkje nødvendig for sykkelen sin funksjon at den er rein, men det gjer jobben lettare, og du unngår skit på kleda.

 

  1. Smørjing

Etter vasken, skal kjeda, vaierar og alle rørlege ledd smørjast. Bruk gjerne teflonolje. Den er sjølvreinsane, og forlenger kjeda si levetid. Ikkje bruk for mykje olje, då kan det lett festa seg skit i drivverket. Ta med deg ei gammal avis, og bruk den mellom kjeda og hjulet for å unngå søl andre stadar på sykkelen. OBS! Ikkje få olje på bremser og felg! Bruk tørkefille for å fjerna søl.

 

  1. Sjekk dekka

Etter vintersesongen er det som regel mindre luft i dekka. Pump opp dekka, og klem for å kjenna om det er nok luft. Når du ikkje klara å trykka dekket inn mot felgen, er det nok luft.
Det kan vera ein fordel å bruka ei pumpe med manometer, det vil fortelja kor mykje trykk det er i dekket. Optimalt lufttrykk finn du på sida av dekket.

 

  1. Test bremsene

Kontroller at bremsene verkar som dei skal. Det skal ikkje vera mogleg å klemma bremsene heilt inn. Ta ein liten prøvetur med sykkelen før du legg ut på langtur.

Sjekk om drev eller gir treng ei justering eller må skiftast ut. Får du ikkje til å justera giret sjølv kan løysninga vera å stikka innom ein forhandlar. Dei vil raskt finna ut om det er justering eller slitasje, og vil hjelpa deg med riktig løysing.

Hiv deg på sykkelen og nyt våren!