Kjekt og lærerikt

Skal heile familien til Stavanger-området i sommar? Då må de ta turen til «Varatun sykkel- og aktivitetsgård» i Sandnes!

Stavanger byr på mange gode sykkelmoglegheiter og fine turar. Du kan sykla langs Gandsfjorden og inn til Sandnes om du vil. Dette er ein veldig fin tur. På denne turen kan du ta ein avstikkar i det du kjem til Sandnes, og besøka «Varatun sykkel- og aktivitetsgård». Her er kan barna læra seg trafikkreglar og korleis dei skal ferdast i trafikken. Her må du halda til høgre for å gå klar møtande syklistar, sykla i rundkøyringar, stoppa for raudt lys, stoppa for fotgjengarovergangar og læra om sykkelvett. Midt i sykkelbanen er det ein leikeplass med grillmoglegheiter og ein liten fotballbane.

Her finn du sykkelparken:

https://goo.gl/maps/ANRACWj3XHMbxZvE9

Ein flott aktivitet for heile familien!