Kva hjelm vil du ha? Rosa hanekam? Blomar? Eller kanskje ein hatt som du trer over hjelmen? I dag får du tak i kule hjelmar til alle, anten det er 7-åringen eller bestefar på 80-år.

Når du skal ut og sykla er hjelm det viktigaste å huska på. Hjelmen reduserer faren for alvorlege hjerneskadar med 60 prosent. Bruk hjelm som dekker heile panna, og juster den slik at den sit godt fast på hovudet. Du skal berre klara å skyva den eit par centimeter fram og tilbake. Det er veldig viktig at hjelmen dekkjer skallen, panna, tinningen og bakhovudet. Heile 70 prosent av støta mot hovudet treff tinningen eller panna om uhellet er ute.

Mange slurvar med sykkelhjelm, men når barna er med, tar me den på. Det er jo sjølvsagt like viktig med hjelm når du syklar åleine som med barn. Eit tips kan vera å finna hjelmar som passar til ulike sykkelturar. Skal du på jobb og syklar i skjorte og dongeri, er det mogleg å få tak i hjelm med trekk, som får hjelmen til å sjå ut som ein hatt. Ei løysing som er meir nøytral enn kanskje den signalgule hjelmen du har heime. Det er ofte dei korte turane me slurvar mest med sykkelhjelm.

Det er viktig at me brukar hjelm slik at også barn får ei god haldning til hjelmbruk. La barn velja sine eigne hjelmar, dei vil kanskje ha ein som er litt sprekare enn du hadde valt….I dag er det lett å få tak i hjelm, og utvalet er stort.

Hjelmen treng også litt omtanke, og ein vask med såpevatn gjer susen. Om den har fått kraftige støt, så skal hjelmen bytast ut. Sjølv om det ikkje blir store merker, kan ei djup ripe i hjelmen gjer at den ikkje vernar godt nok om du er ute for eit uhell.

Finn din favoritt, bruk hovudet og bruk hjelm!

Enkle reparasjonar

Kanskje sykkelen din har stått fleire år i garasjen, bremsene kvin, og kjede hoppar av når du trør. Kva gjer du?

Sykla til jobb

Du treng ikkje vera toppsyklist for å sykla til jobben - bryt barrierane dine, trø i veg!

Nytt Førlandskryss

Med to avkjørslar rett ut i 80-sona på E39 har Førlandskrysset vore uoversiktleg både for syklistar, bilistar og gåande. I løpet av sommaren skal krysset stå ferdig utbetra.

Sykkel med tak over hovudet

Tenk å sykla til jobb med tak over hovudet, fire hjul og elmotorisert assistanse. Du får mosjon og slepp å bli våt og kald. Podbike er eit veldig spennande alternativ til elbilen!

Oppgradering av nasjonal sykkelrute nr 1

Visste du at Nasjonal sykkelrute nummer 1 går over Stord? I tre etappar har me oppgradert ein viktig del av strekninga. No blir det samanhengande oppgradert fortau frå Rommetveit og heilt til Frugårdselva.

Fortau på Heiane

Heiane har vokse seg til å bli ein betydeleg bydel på Stord. Den positive utviklinga skapar behov for betre forhold for gåande og syklande.

Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frossen.

Flotte sykkelturar i haustferien

Hausten kan vera våt og kald, men òg utruleg vakker! Litt ekstra påkledning og ein god venn med på tur, så har du føresetnadanefor ein herleg sykkeloppleving her i Sunnhordland.

Brukar du sykkelhjelm?

Kvar dag hamnar ti nordmenn på legevakta eller sjukehus etter ei sykkelulykke. Likevel er det under halvparten som nyttar sykkelhjelm kvar gong dei syklar. Kvifor er det slik?

Velg rett sykkel for barnet ditt.

For at barn skal lika sykling, er det viktig at dei likar sykkelen dei syklar på, og at denne gjer tryggheit og sykkelglede. Her er nokre tips til ting du bør passe på.

Lat borna sykla og gå til skulen!

"Når foreldre råkjører sine egne barn til skolen, setter de naboens barn i fare. Gi dem heller en sunn start på dagen. La barna sykle eller gå" sier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Film: Gje borna skulevegen tilbake!

Inspirasjonsfilm frå Sykkelbyen Stord. Kjenner du nokon som køyrer borna til og frå skulen? I dei aller fleste tilfella er det heilt unødvendig, ja det gjer faktisk skulevegen mindre trygg for dei borna som går og syklar.

Utbetringar langs E39

Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Det går rundt i Sagvåg

Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Øyhopping i Sunnhordland!

Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Sykla opp Griserompa

Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Hald deg tørr på sykkelen!

Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Sykkelvettreglane

Dei åtte sykkelvettreglane hjelper deg å ferdast trygt i trafikken. Å vere synleg i trafikken og at samspelet mellom trafikantane er godt, er viktig for trygg samferdsel.

Sykla saman

Me anbefaler at foreldre syklar mykje saman med borna før dei begynner å sykla aleine i trafikken. Beskytt hovudet, og bruk hjelm når de syklar.