Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Skotrekk
Å halda seg varm på føtene er ein god plass å starte, og her er skobeskyttelse/skotrekk ei smart investering. Skotrekket skal væra lett å ta av og på, og dei trekka som er heilt vasstette, går og litt opp på leggen, slik at buksebeina og blir beskytta. Tynne ullsokkar er å anbefale for å halda varmen.

Undertøy
Det er lurt å ha undertøy som transporterer fukt og samtidig held på varmen. Superundertøy fungerer godt, men på kalde dagar er det ull som er best.

Regnjakke
Her er det greitt å bruke ei god regnjakke som er vasstett, og som samtidig pustar godt.

Bukse
Det fins eit godt utval av lange sykkelbukser. Dersom du ikkje skal sykle så fort, kan du ta på deg ei goretex-bukse som held deg tørr.

Hanskar
Hendene blir fort kalde, noko som kan gi trøbbel med giring og bremsing. På vinteren er det greitt å velgje sykkelhanskar tilpassa regn eller ein kan eventuelt nytta skihanskar. På lengre turar er det lurt å ta med ekstra hanskar og bytte på.

Hovud
Det er smart å nytta ein tynn hjelmlua eller ein sykkelcaps under hjelmen. Sykkelcapsen sin brem gjer at du ikkje får regnet rett i auga.

Skjerm
Skjerm på sykkelen bør du ha, så slepp du å bli spruta ned.

God sykkeltur i regnet!