Å sykla har mange fordelar, her har du nokre:

Kvardagsaktivitet
I gjennomsnitt forbrenn du ca. 300 kalorier i timen når du syklar! Helsemyndigheitene anbefaler minst 30 minuttar kvardagsaktivitet om dagen. Nyttar du sykkelen til dine gjeremål, så er dagens mosjon unnagjort!

Du held deg frisk
Risikoen for sjukdommar (spesielt hjarte- og karsjukdommar) reduserast kraftig. Økt sykkelbruk gir mindre sykefråvær.

Du kjem raskt fram
Nokre gongar er sykkelen raskare enn bilen. Du slepp å stå i bilkø, du slepp å leita etter parkeringsplass og du kan sykla frå dør til dør.

Lågare reisekostnadar
Ein sykkel er ei relativt lita investering, og du kan spare mykje pengar på å la bilen stå. Du kan spara inn på både bilbruk og parkeringsavgifter.

Sykling er miljøvenleg
Sykkelen gir ingen avgassar eller skapar asfaltstøv. Vel du sykkelen er du og med på å redusera lydforureininga.

Du blir gladare
Mosjon verkar positivt på psyken og er og med på å dempa stress. Du blir gladare og får en herleg følelse av velvære.

Kilder: www.syklistene.no og www.sykletiljobben.no