Den korte strekninga på om lag 800 meter langs E39 mellom Grov og Boravik har lenge mangla gang- og sykkelveg. Dette har gjort at dei mjuke trafikantane har måtta ferdast langs vegkanten på E39, som er høgt trafikkert og har ei fartsgrense på 80 km/t. Midlar frå revidert nasjonalbudsjett 2016 på 6 millionar til gang- og sykkelveg har gjort at ein no har utbetra denne strekninga.

Anleggsarbeidet tok fatt i vinter, og har gått etter planen sett bort frå at det har vore litt meir utskiftning av massar enn kva som var forventa. Anlegget er asfaltert, rekkverk vart montert forrige veke og lysreguleringa er fjerna. Fartsgrensa er framleis 50 km/t, då det gjenstår litt småarbeid og vegoppmerkning før anlegget er heilt ferdig. Arbeidet er forventa gjennomført denne veka, og fartsgrensa vil være 80 km/t att før fellesferien.

Utbetringa av strekninga vil gjera det mykje tryggare for dei mjuke trafikantane å ferdast langs E39 og gi eit utvida sykkeltilbod på Stord. Ved å sykla frå Leirvik via Hystad og Rommetveit kan ein no kome seg forbi Langenuen utan å måtte sykla på E39. Med vidare planar om å utbetra dei korte resterande strekningane langs E39 til Sandvikvåg som manglar gang- og sykkelveg, vil forholda for dei mjuke trafikantane betrast betraktelig.