Arbeidet med å forlenga gang- og sykkelvegen ned til Skjersholmane på armen av E39 tok til i april 2017, og er godt i gang. I dag stoppar tilbodet for dei mjuke trafikantane ved innkøyringa til Tømmervik og Hornelandsvågen. Utbetringa av det resterande strekket på om lag 1 kilometer ned til Skjersholmane vil sørga for eit samanhengande og tryggare tilbod for dei mjuke trafikantane.

Strekninga vil være lysregulert til og med neste veka. Mykje fjell er sprengt vekk og massar har vorten fjerna for å laga plass til gang- og sykkelvegen. Anlegget er forventa ferdigstilt i løpet av 2017 og er finansiert av restmidlar etter trekantsambandet. Prosjektet har ei ramme på 4 millionar kroner. I samband med prosjektet vil Stord kommunalteknikk leggja nye røyr i same trasé.

Det er stor aktivitet på Skjersholmane for tida med planlegging av både rorbuer og båtplassar. Ferjestøet på Skjersholmane gjer at trafikkmengda på vegen til tider er stor, og mange køyrer i høg hastighet for å rekkja ferja. Mange barnefamiliar er busett i nærområdet. Dette prosjektet gjer at ein får lagt til rette for ein trygg tilkomst for dei mjuke trafikantane før aktivitetsnivået på Skjersholmane aukar betraktelig, og gir blant anna ein betre moglegheit for lokalbefolkninga og turistar å sykla mellom Stord og Halsnøy.