Kor er hindringane for syklistane? Me i Sykkelbyen sykla Stord på langs, frå Føyno til Sandvikvåg, for å kjenna på kroppen kor det er vanskeleg å sykla!

Når me er ute og syklar, er det veldig kjedeleg med alle småhindringane. Høge fortauskantar som gjer at me ikkje kjem oppå fortauet, autovern utan opning slik at me ikkje kjem inn på sykkelvegen, kumlokk med kantar, og sjølvsagt: holete og øydelagt asfalt.

Sykkelveginspeksjonen vår gjekk frå Føyno til Sandvikvåg. Me tok bilde og noterte etter kvart, og laga ein rapport. Ut frå denne søkte me midlar til utbetring, og no har me fått tildelt 5,5 millionar kroner!

Raskaste veg frå Føyno til Sandvikvåg er sjølvsagt langs E39 (riksvegen), men på fleire strekningar er det betre å sykla på fylkesvegen. For eksempel mellom Heiane–Vabakkjen, og Vabakkjen–Rommetveit.

Her er me i gong med utbetringar, og bildet over viser utbetra fortau og busslomme ved Langeland.

Me er også i desse dagar i gong med utbetring frå Stord kyrkje til krysset på Sævarhagen. Her vil fortauet bli utvida og utbetra, me får på plass nye kantstein, utbetra busslommene, heva kummar og slukar og det blir lagt ny asfalt. Bildet under viser stoda på delar av strekket i dag.

Målretta sykkelbyarbeid gjer situasjonen for syklande og gåande på Stord stadig betre!