«Fatbike»

Set du vekk sykkelen din når snø og kuldegrader kjem? Likar du terrengsykling, men synest det er utfordrande på vinterstid? Då bør du testa «Fatbike»!

Sjølv om «Fatbike» er oftast brukt til terrengsykling, er den også veldig aktuell på ujamne underlag som snø. Den er veldig stabil, har god gripeevne, klatrar godt, og kjem seg lettare fram på krunglete vegar.

Store dekk

«Fatbike» er ein sykkel med veldig store dekk, og er utvikla for mjukt og ustabilt terreng, som snø og sand. «Fatbike» har om lag 10 cm breie dekk, medan ein vanleg sykkel har om lag 5 cm. Det gjer at sykkelen flyt godt på mjukt underlag, har stor kontaktflate med terrenget, og eit godt grep.

Sykkelen oppstod som ein konsekvens av at syklistar ønska seg ein sykkel med betre flyt, både på snø og sand. Dei første serieproduserte «Fatbike»-syklane kom i 2005, og har dei seinare åra vorte ein trend.

For alle høve

Du kan velja mellom stål, aluminium og karbon. Dei er laga for ulik bruk, og treng du ein som er lett å ta med seg får du karbonsyklar som veg mindre enn ti kilo. Skal du på tur kan ein elsykkel med fester til sekkar og utstyr vera eit godt val. Er du glad i fart og spenning er «Fatbike» med dempegaflar eit anvendeleg for bruk på stiar om sommaren, eller på snø om vinteren.

Prøv sjølv i vinter, og visste du:…..«Fatbike» kan du låna gratis hos BUA på Stord!

Trykk på lenkja og sjekk om «Fatbike» er tilgjengeleg når du ønskjer å låna.

https://www.bua.io/bua-stord/utstyr/sykle-og-rulle/sykkel/type-sykkel/fatbike/fatbike