Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frosen.

1: Låsespray
Låsespray er ei olje som løsnar og smører dei bevegelige delane i ein lås. Du kan bruka den til å tina ein frossen lås, men fungerer også førebyggjande, så bruk den gjerne før frosten set inn!

2: Lighter
Bruk lighter til å varma nøkkelen, slik at den blir varm rett før du set den inn i låsen. Då kan det gjera at låsen tinar akkurat nok til å at du får låst opp sykklen. Ta sykkellåsen din inn i varmen, slik at den tørkar skikkeleg og set den inn med låsespray.

3: Varmt vatn
Fyll ein plastpose (eller varmepose) med varmt vatn og knyt igjen. Hald den attåt låsen til den tinar.

4: Kokande vatn
Du kan hella kokande vatn over for å tina låsen, men vatnet trengjer inn i låsen og du får problem neste gong den er låst. Så om du bruker vatn, ta inn låsen, la den tina, tørka og set den inn med låsespray før du tek den i bruk igjen.

5: Hendene
Ta av vottane dine og varm låsen med hendene. Dette krever både tid, tolmod og kan gje deg svært kalde hender….

6: Sjekk sykkelen.
Om ingenting av dette funker, så sjekk at du prøver å låse opp riktig sykkel….

Takk til Syklistenes landsforbund for gode tips!