Sykkelvenleg arbeidsplass

Syklistenes landsforening vil at fleire skal sykla til jobb, og ynskjer at arbeidsplassane bidreg med tilrettelegging. Kanskje arbeidsplassen din vil bli sertifisert som sykkelvenleg?

Hadde det ikkje vore flott med god og sikker sykkelparkering, garderobefasilitetar med tørkeskap og mekkeplass til sykkelen på jobb? Sykkelvenleg arbeidsplass er ein sertifiseringsordning der arbeidsplassar kan få rådgjeving om korleis dei kan legga til rette best mogleg, og bli sertifisert som sykkelvenleg.

Arbeidsplassen kan sertifiserast med bronse, sølv eller gull etter kor mykje som vert gjort. Tilrettelegging gjer at fleire syklar til jobb, som både er helsefremmande og miljøvenleg.

Høyrtest dette spanande ut? Les meir på www.syklistene.no/prosjekter/sykkelvennlig-arbeidsplass/

Du kan sjå video av kva Eigedomsfirmaet Avantor gjorde for å bli den første private arbeidsplassen i landet som mottek gull av Syklistenes landsforening.

https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-oestlandssendingen/201709/DKOA99091117#t=8m41s