Gjer det sjølv!

Frosten er kome, og mange vel å setta sykkelen i garasjen for vinteren. Det er lurt sjå over den før du set den vekk. Følg tipsa nedanfor, det er kanskje enklare enn du trur!

No er vinteren her, og det er ikkje alle som synes det er så kjekt å sykla på snø og is. Då er det lett å lagra sykkelen i garasjen eller i boden. Om du ser over sykkelen før du set den vekk, kan du med enkle grep og små justeringar auka levetida på den. Og det vert mykje kjekkare å ta den fram når våren kjem.

Juster setet…
Finn den aller beste sittestillinga for deg. Den korrekte vinkelen på sykkelsetet er heilt vassrett. Den enklaste måten å få til dette på er å måla opp med eit vater. For å justere setehøgda kan du bruka «Hælmetoden» – Sett deg på sykkelen og støtt deg mot ein vegg slik at sykkelen blir ståande heilt rett. Eventuelt få en ven til å støtta deg. Sett hælen på pedalen og før denne til lågaste posisjon. Setehøgda er rett når du i denne posisjonen nesten har beinet heilt utstrekt (det skal framleis vera ein liten vinkel i kneet).

Du kan testa setehøgda ved å plassera tåputene på pedalane og trø bakover med begge bein. Om setet er justert for høgt vil dette medføra at hoftene blir vridd frå side til side når du trør. Juster isåfall setet forsiktig ned nokre millimeter og prøv på nytt. Ein god sittestilling minskar risikoen for skader.

Tips: Når du endeleg har funnet den perfekte setehøgda, så markér dette med ein tapebit eller sprittusj på setepinnen, slik at du seinare lett finn tilbake til same posisjon.

…og styret
Eit lågt plassert styre vil gje mindre luftmotstand og du får ein meir energieffektiv sykkeltur. Eit høgt plassert styre er meir behageleg (spesielt for ryggen) og gir gjerne meir kontroll.

 

Eit godt utganspunkt kan vera å plassera styret slik at styreframspringet er nokre cm lågare enn oversida av setet. Ta deg ein tur med sykkelen, og juster opp eller ned etter korleis det kjennest.

 

Stram bremsene
Om dei tek for langt inne, eller er for dårlege må dei strammast, eller slitedelar bytast ut. Uansett bremsesystem bør du sjekka at alle boltar, skruar og mutterar er skikkeleg festa. Du bør også sjekka sjølve bremsehendelen på sykkelstyret. Er den for slakk kan den vanlegvis strammast med ein enkel skrue som er plassert på handtaket. Test at du får et godt grep rundt dette.

 

Lappa slangen

Har det blitt hòl i slangen, kan du lappa den sjølv. Du fyller ei bøtte med vatn og legg slangen oppi. Deretter bles du luft inn i slangen. Der det kjem bobler er det hol. Puss vekk ujamne overflater med pussepapir, og lim lappen over hòlet. Du får kjøpt lappesett til ein rimeleg penge på sportsbutikken.

 

Smør kjede

Start med å tørka godt av sykkelkjede med ei fille. Påfør olje, ledd for ledd. Trø bakover for å få olja fordelt over heile kjede. Dra det rundt fire-fem gonger, og la olja trekke inn. Etterpå tørker du overflødig olje med ei fille.

 

Sjekk at alt sit godt fast

Gå over sykkelen, og sjekk at alle boltar, skruar og mutterar er godt festa.

 

Juster giret

Om du merkar at du ikkje lenger girer «reint», treng det justeringar, og dette gjer du med å stilla på dei ytre skruane på giret. Sjå video nedst i artikkelen.

 

Lys og refleksar

Hugs å sjå over lys og refleksar på sykkelen. Det er påbode med ei lykt med raudt lys bak, og ei lykt med gult eller kvitt lys framme. Lyktene skal vera festa på sykkelen. På pedalane skal det vera gul eller kvit refleks som er godkjent.

 

Det er enkelt å gje eit nytt liv til den gamle sykkelen. Prøv sjølv og hugs det blir kjekkare å ta sykkelen fram til våren!

Vil du sjå korleis fagfolk justerer giret? Sjå video under!

 

Lokale sykkelreparatørar på Stord

Skal sykkelen i garasjen når snø og is kjem? Har du ikkje tid til å sjå over den før du set den vekk? På Stord er det fleire som enkelt kan hjelpa deg. Finn din lokale reparatør!

Refleks sparar liv

Utan refleks blir du ikkje sett før bilen er 25-30 meter frå deg. Med refleks kan du bli sett frå 400 meter. Tar du sjansen?

Sykla til jobb

Du treng ikkje vera toppsyklist for å sykla til jobben - bryt barrierane dine, trø i veg!

Nytt Førlandskryss

Med to avkjørslar rett ut i 80-sona på E39 har Førlandskrysset vore uoversiktleg både for syklistar, bilistar og gåande. I løpet av sommaren skal krysset stå ferdig utbetra.

Hjelm er kult!

Kva hjelm vil du ha? Rosa hanekam? Blomar? Eller kanskje ein hatt som du trer over hjelmen? I dag får du tak i kule hjelmar til alle, anten det er 7-åringen eller bestefar på 80-år.

Sykkel med tak over hovudet

Tenk å sykla til jobb med tak over hovudet, fire hjul og elmotorisert assistanse. Du får mosjon og slepp å bli våt og kald. Podbike er eit veldig spennande alternativ til elbilen!

Oppgradering av nasjonal sykkelrute nr 1

Visste du at Nasjonal sykkelrute nummer 1 går over Stord? I tre etappar har me oppgradert ein viktig del av strekninga. No blir det samanhengande oppgradert fortau frå Rommetveit og heilt til Frugårdselva.

Fortau på Heiane

Heiane har vokse seg til å bli ein betydeleg bydel på Stord. Den positive utviklinga skapar behov for betre forhold for gåande og syklande.

Er låsen frosen?

No besøkjer kuldegradene oss, og det kan vera greitt å vita korleis du skal fiksa ein sykkellås som er frossen.

Flotte sykkelturar i haustferien

Hausten kan vera våt og kald, men òg utruleg vakker! Litt ekstra påkledning og ein god venn med på tur, så har du føresetnadanefor ein herleg sykkeloppleving her i Sunnhordland.

Brukar du sykkelhjelm?

Kvar dag hamnar ti nordmenn på legevakta eller sjukehus etter ei sykkelulykke. Likevel er det under halvparten som nyttar sykkelhjelm kvar gong dei syklar. Kvifor er det slik?

Velg rett sykkel for barnet ditt.

For at barn skal lika sykling, er det viktig at dei likar sykkelen dei syklar på, og at denne gjer tryggheit og sykkelglede. Her er nokre tips til ting du bør passe på.

Lat borna sykla og gå til skulen!

"Når foreldre råkjører sine egne barn til skolen, setter de naboens barn i fare. Gi dem heller en sunn start på dagen. La barna sykle eller gå" sier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Film: Gje borna skulevegen tilbake!

Inspirasjonsfilm frå Sykkelbyen Stord. Kjenner du nokon som køyrer borna til og frå skulen? I dei aller fleste tilfella er det heilt unødvendig, ja det gjer faktisk skulevegen mindre trygg for dei borna som går og syklar.

Utbetringar langs E39

Mange kvir seg for å sykla langs E39. Sykkelbyen Stord jobbar for at det skal bli trygt å sykla over heile Stord, og i løpet av 2018 er det fleire strekningar og kryss som blir utbetra.

Det går rundt i Sagvåg

Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Øyhopping i Sunnhordland!

Kan du tenkje deg noko meir idyllisk enn å sykle på øyhopping i Sunnhordland? No er det i alle fall lettare å komme seg til Skjersholmane med sykkel!

Sykla opp Griserompa

Det jobbast i Griserompa! Altså, vegstrekninga opp frå Leirvik sentrum. Men kvifor heiter det Griserompa, og når er vegarbeidet ferdig..?

Hald deg tørr på sykkelen!

Med det vêret me har hatt dei siste dagane, syntest me det var på sin plass og skriva litt om korleis ein skal unngå å bli drypande våt når ein syklar i regnet. Her har du nokon tips:

Sykkelvettreglane

Dei åtte sykkelvettreglane hjelper deg å ferdast trygt i trafikken. Å vere synleg i trafikken og at samspelet mellom trafikantane er godt, er viktig for trygg samferdsel.

Sykla saman

Me anbefaler at foreldre syklar mykje saman med borna før dei begynner å sykla aleine i trafikken. Beskytt hovudet, og bruk hjelm når de syklar.