Elsykkel – som å flyga!

Prøv elsykkel og opplev kjensla av medvind heile sykkelturen!

Elsykkel er for alle! Kan du handtera ein vanleg sykkel, så har du lov å sykla elsykkel. Dersom den går raskere enn 25km/t med motorkraft, er det andre reglar du må følgja.

Framleis trening

For å nytta deg av elassistanse må du trø. Er du ute etter mosjon kan du trø utan hjelp frå motoren. Bruk av elsykkel til pendling gjer at du slepp å komma fram sveitt, og vera avhengig av dusj og byting av klede. Med sykkelvogn eller eit sykkelsete, så kan det vera godt med motorhjelp i motbakkane.

Miljøvennleg og helsefremmande

Elsykkel er eit miljøvenleg transportmiddel. Du slepp å stå i kø, og helsegevinsten er stor ved å velja elsykkel framfor bilen, uavhengig av di fysiske form. Avstand og terreng er ikkje lenger ein bekymringsfaktor. Du får hjelp enten det er tungt, eller du vil raskt fram. Val av elsykkel gir deg meir frisk luft.

Fordelar

Elsykkel gir deg lave transportkostnadar. Det er ingen bompengar, årsavgift eller drivstoffutgifter. Ikkje minst er den enkel og gratis å parkera, så du kjem heilt til døra der du skal.

Den er med på å redusera bilkøar, og forureining av lokalmiljøet. Frå 2012 til 2016 har sal av elsyklar har auka frå 2000 til 40 000. Marknaden har auka fordi produkta er blitt så gode, og fleire ser verdien i betra helsa samt vera miljøvenleg. 

Batteriet

Med enkle grep kan du forlenge levetida på batteriet. Sjekk status etter sykkelturen, og lad det om nødvendig. Ikkje la elsykkelen stå ein heil vinter utan lading, då risikerer du at batteriet blir øydelagt. Dei nyaste batteria held lenge, men som med mobiltelefonar vert batteritida dårlegare etter som åra går. Batteriet er enkelt å byta ved behov.

Pendla til jobben utan bil? Levera i barnehagen med sykkelvogn? Eller skal du ut og eta på Vikjo og vil ikkje bli sveitt?

Elsykkel er for alle!