Bakketopp, skarp sving og kryss i eitt – Snikkarsvingen i Sagvåg skapte mange farlege situasjonar. Mykje er blitt gjort og krysset er ferdig omlaga til rundkøyring.

Det har vore behov for omlegging av krysset lenge. No er det bygd rundkøyring og det har vore ein omfattande jobb.

Det vil bli lagt særleg vekt på god tilrettelegging for mjuke trafikantar og trygge kryssingar av vegen. Verdien av omlegginga er på om lag 12 millionar kroner, som er finansiert med tilskot frå utbyggjar av Remabutikken og bompengemidlar frå Stord vestside.

Krysset vil bli heilt ferdigstilt i løpet av våren 2018.