Den fredelege sykkelturen!

Huglo er den nest største øya i Stord kommune og byr på om lag ni kilometer med asfaltert veg, med andre ord perfekt for sykkeltur!

Med om lag 90 fastbuande talar dette for ein roleg og fin tur, og badeplassane er aldri langt vekke. Start turen på ferja mellom Jektevik og Huglo, og om du ikkje har sykkel sjølv, kan du låna på kaien når du kjem fram. Skriv namnet ditt i boka når du låner og leverer sykkelen.

Les meir på https://huglo.no/opplev-huglo/#/opplev-huglo/#!/turforslag

Ferjetidene finn du på https://www.skyss.no/Rutetider-og-kart1/baat-ferje/?fane=3&anchor=0