TI SYKKELVETTREGLAR

Skal du ut å sykla i trafikken? Då er det nokre reglar du må kunna!

1.Ein sykkel er definert som køyretøy. Alle køyretøy skal bruka køyrebana i treningsformål. Syklande kan også bruka høgre vegskulder jf. trafikkreglane § 4 og § 5.

2.Trafikkreglane skal følgjast. Hald til høgre og vis omsyn til dei andre trafikantane. Gje tydeleg teikn om kvar du skal.

3.Fakta om forbikøyring:

– Syklande har rett til å køyra forbi på høgre side og kan ved kø passera denne på veg skuldra jf. trafikkreglane § 5, § 12c og § 18-1.

– Forbikøyring skal utførast utan å medføra fare, hinder eller unødig forstyrra den som blir køyrt forbi jf. trafikkreglar § 12-3. Det bør vera 1,5 m avstand mellom bil og syklist ved forbikøyring.

4.Er det mange på trening – del dykk i fleire mindre felt på maksimalt 10-15 syklistar.

5.Ligg maksimalt to i breidda og vis omsyn, slepp fram trafikken på passande stadar om det dannar kø.

6.Sykling på gangsti og liknande skal gå føre seg i tilnærma gangfart, og syklisten har vikeplikt for dei gåande jf. trafikkreglane § 4. Er det naturleg og tilrettelagt for bruk av sykkelveg – ver konsekvent og la heile gruppa anten følga vegbana, eller sykkelvegen.

7.Ved punktering og andre uhell som fører til stopp skal alle i gruppa trekka heilt ut av vegbana.

8.Vis omsyn til andre ryttarar, hald jamn fart. Unngå unødige og plutselege endringar i feltet. Hald linja di og ikkje endra posisjon utan at du gjer signal.

9.Bruk alltid hjelm og godkjent lys – kvitt framlys og raudt baklys ved sykling i mørke.

10.Ikkje stå på retten din for ein kvar pris, då det er du som tape og blir skada ved ei eventuell ulykke.

Kjelde: NCF ( Norges Cycle-forbund)