Terrengsykling

Fordi det er gøy, og kjempegod trening for kroppen!

Terrengsykling er tekniske utfordringar, høg fart og raske avgjersle. Halvannan times sykling i skogen har veldig god treningseffekt. Sporten veks i stor fart, men kva er viktig å tenke på når du er nybegynnar?

Tips for nybegynnaren

Kjøp deg ein skikkeleg sykkel. Ein billig og dårleg sykkel kan gje deg ei dårleg oppleving. Du treng nok ikkje kjøpa den mest kostbare sykkelen for at den skal vera god. Investerer du 7000-8000 kr får du ein bra begynnar sykkel med godt gir, gaffel og som toler utfordringane i terrenget.

Storleik på hjula spelar inn om du vil køyre fort eller hoppa og gjera triks. Store hjul rullar betre over ujamnheiter i skogen. Dei største er på 29 tommar, vel dei om du er over 175 cm høg. Er du under bør du velje 27,5 tommar. Sats på lette solide hjulsett.

Vel du aluminiumsramme får du meir for pengane om du kjøper sykkel til under 10 000 kr. Gir, kranksett og bremser er betre på aluminiumsramma, enn om du kjøper ein karbonsykkel i same prisklasse.

Stivettreglar for terrengsykling

Terrengsykling skal vera hyggeleg for alle. Norsk Organisasjon for Terrengsykling har utarbeida nokre gode stivettreglar:

  1. Ver omsynsfull og hyggeleg i møte med skiløparar og gåande.
  2. Avgrens farta slik at du ikkje er til fare eller ulempe for andre.
  3. Ikkje lag nye spor.
  4. Unngå å sykla på sårbare stiar like etter periodar med mykje nedbør.
  5. Unngå å sykla i skiløyper når det er gjennomslagsføre og du set djupe spor.
  6. Ikkje lag stien breiare ved å sykla utanom vassdammar eller hindringar.
  7. Ber sykkelen gjennom myrområde slik at det ikkje dannast djupe spor.
  8. Ikkje lås bakhjulet i bratte utforkøyringar.
  9. Dersom to syklistar møtest i ein bakke, har den som syklar oppover forkøyrsrett.
  10. Unngå dei mest populære utfartsstadane midt på dagen på laurdagar og søndagar eller når trafikken er stor i skiløypene.